Rusken ryddeaksjon
Årleg i april/mai vert frivillige i Sykkylven kommune invitert til å ta eit tak for lokalmiljøet ved å samle inn rusk og rask frå veggrøfter og fellesareal (NB! ikkje hageavfall og greiner).
Påmeldingsskjema finn du no under Kundeportal.
Blanke sekkar vert etter avtale lagt ut for henting på baksida av kontorbygget vårt i Haugsetvegen 33.
Rusken-avfallet vert innhenta dei vekene restavfallet vert henta i ditt område (ikkje då matavfallet vert henta).
I 2025 vert Rusken-avfallet difor henta i veke 17 og 19.
Merk at veke 17 er veka ETTER påske, dvs 22.-25. april og veke 19, 5.-9. mai.
OBS! Alt Rusken-avfallet må leggast i blanke sekkar. Større gjenstandar, elektrisk avfall eller farleg avfall som ikkje kan gå til forbrenning vert ikkje henta. Dette må leverast på miljøstasjonen.
Merk også at avfall frå Rusken ryddeaksjon ikkje er herrelaust marint avfall, og er dermed ikkje avfall som går inn under refusjonsordninga til Hold Norge Rent.